Øyvind Hjelmen med kammerutstilling i Galleri Giga

17. juni – 12. August 2017

Laurdag 17 juni er det duka for ei kammerutstilling i Galleri Giga. Då fyller Øyvind Hjelmen eit lite rom i galleriet med små bilete. Rommet er på 5 kvadratmeter, og bileta er stort sett i storleik frå 2,5 x 2,5 cm og opp til 7 x 7 cm.

Eit av prosjekta han syner har tittelen ”Collection” og handlar om korleis vi tek vare på minna våre. I 175 år har vi nytta fotografi til å forevige stader og hendingar, og etter den digitale revolusjonen ser vi det aller meste av fotografi på ein skjerm. I dette prosjektet vert dei fotografiske minna lagra på papir og tekne vare på som om dei var ei samling av sommarfuglar eller biller, montert på nåler i eit monter.

I tillegg til to seriar med miniatyrar laga ”på gamlemåten” i mørkerom, syner Øyvind Hjelmen óg eit utval cyanotypiar på rispapir. Cyanotypi er ein teknikk utvikla av den britiske astronomen Sir John Herschel i 1840. Bileta vert laga ved å påføre ein grøn emulsjon på eit vanlig papir og legge dette nokre minutt i sollys med eit negativ oppå. Ved å legge papiret i vatn etterpå, vert det gule i grønfargen vaska ut, og eit blått bilete vert att.

I staden for å bruke eit negativ, kan ein legge planter eller andre objekt på papiret, slik det er gjort i dette tilfellet. Dette er fjerde gongen Øyvind Hjelmen syner bilete i Galleri Giga, og denne gongen skjer det altså i små format, – ei kammerutstilling som innbyr til å gje seg tid og studere bileta nøye.